Amon ammeinnlegg

Amon ammeinnlegg

Anbefala garn: Om lag 20 g Rauma finull (100 % rein ny ull frå NKS. 50 g =175 m). 

Likevel passar oppskrifta alle garn, og er eit supert restegarnprosjekt. Ammeinnlegga kan lagast einsfarga eller som forklart med nippel. Eg anbefalar å bruke eit reint ullgarn som ikkje er superwashbehandla. Dette vil varme godt sjølv om det blir vått av mjølk, og vil suge væska til seg. Tålar du ikkje ull så godt, bruk eit vanleg ammeinnlegg innanfor ullinnlegget.

Anbefala pinnestorleik: Bør strikkast på eit halvt pinnenummer mindre enn anbefala på garnet for å få det tett nok. Brukar du Rauma Finull vil det seie 2,5 mm. Strikkefastleik spelar inga rolle i denne oppskrifta. 

Storleikar: S (M) L

Diameter: 10 (12) 14 cm

 

Ordet Amon kjem frå egyptisk “den som er skjult” og var namnet på ein fruktbarheits-, storm-, og solgud. På eit tidspunkt var Amon hovudguden innan egyptisk mytologi og vart sett på som opphavsmannen og beskyttaren til verda. (Store norske leksikon, 2017, henta frå https://snl.no/Amon)

Alle mødre er opphav og beskyttarar akkurat som Amon. Eg ser på dei som heltar eller gudar. Eg ynskjer at denne oppskrifta på “det som er skjult” skal vere til desse gudane - mødre.

    kr 20,00Pris