Dianakyse

Dianakyse

Foreslått garn: Eit nøste av kvar i to farger av Rauma Lamull, Rauma Baby Panda eller Dale Babyull. Prosjektet er eit fint restegarnprosjekt.

 

Strikkefastleik: 30 m = 10 cm i rillestrikk på p 2,5 mm.

 

 

Kyse er inspirert av kysene sanfolket i Namibia bruker. Strikkast saumlaust frå øyre til øyre. Kantane og snorene vert strikka til slutt.

Lua er fleksibel grunna rillestrikken, og vil vokse med barnet. 

 

Heile omsetninga frå denne oppskrifta går direkte til ein klinikk for sanfolket i Epukiro, Namibia drivi av N/a’an ku sê Foundation. Dei gjer eit svært viktig arbeid mot tuberkulose, alkoholisme og underernæring. Vil du vite meir om klinikken eller donere direkte, kan du gjere det her: http://naankuse.com/sites/lifeline-clinic/ Kontakt meg gjerne på mail annestvedt@gmail.com eller les om dei på nettsida deira her: http://naankuse.com/ for endå meir info.

    kr 40,00Pris