Design din eigen genser!

Design din eigen genser!

No har du moglegheita til å teikne din eigen genser og få han handstrikka av meg!

 

Når du har bestilt produktet sender eg deg ein e-post der du vel kva type hals, skulder, ermelengd, struktur, fargefordeling og fargar du ønsker i tillegg til at du fyller ut mål på genseren. Send meg også gjerne ei skisse av korleis du vil genseren skal sjå ut.

Deretter sender eg deg eit forslag som inkluderar ei noko meir detaljert skisse og fargeforslag. 

Er noko uklart anten for meg eller for deg, tek eg gjerne ein samtale over telefon eller zoom.

 

Eg vil forbeholde meg retten til å la vere å strikke genseren om eg ser at designet ditt ikkje let seg gjennomføre på ein god måte. Då får du sjølvsagt alle pengane tilbake. 
Krev designet ditt mykje ekstra arbeid forbeholder meg også retten til å forespørje ein høgare pris. 

  • Returpolitikk

    Genseren er unik for deg og kan dermed ikkje returnerast. 

  • Produksjonstid

    Dette produktet er spesiallaga for deg og strikka for hand. Difor må du rekne med at det tek om lag tre veker å produsere. Postgang kjem i tillegg til dette. 

  • Vask

    Ull treng sjeldan vask. Heng plagget til lufting for å bli kvitt lukt, og tørk bort flekkar med klut. Skal du vaske plagget bør det vaskast på handvaskprogram eller for hand. Sentrifuger plagget på høg hastleik, og tørk det flatt liggjande på eit handkle. 

kr 1 900,00Pris