Engsmelle fruktnett

Engsmelle fruktnett

Storleikar: Lite (Stort)

 

Mål:

Lengd: 15 (20) cm

Omkrins: om lag 42 (57) cm

 

Foreslått garn: Sandnes Tynn Line (53 % bomull, 33 % viskose, 14 % lin. 50 g = 220 m)

Farge 3513: om lag 14-19 g pr nett.

 

Pinneforslag: 8 mm

Strikkefastleik: 14 m = 10 cm, men strikkefastleik spelar ikkje så stor rolle for denne oppskrifta. Nettet vil blir stort nok om du bruker anbefalt pinnestorleik.

 

 

Nettet er strikka frå botnen og opp. Det er enklast å strikke med magic loop, men kan også strikkast på strømpepinner. Prosjektet er perfekt til restegarn, og kan gjerne ha fleire fargar.

 

Ifølgje NIBIO (2010) er engsmella ein blome nært beslekta til dømes tunarve og engtjæreblom. Ho har eit oppblåst beger som er innsnørt i toppen, akkurat som dette fruktnettet. Det er vanleg å sjå blomen over store delar av Noreg, heilt nord til Troms. 
Kjelde: NIBIO (2010) Engsmelle. Henta frå https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1604/

    kr 20,00Pris