Logosgenseren

Logosgenseren

Dette er den ultimate nybegynnergenseren! Videoar som forklarer teknikkane finn du på http://anneleis.no/video


Den same genseren kan strikkast frå botn og opp eller frå toppen og ned.

Å strikke frå botn og opp er det mest vanlege. Difor er dette mest logisk og attkjenneleg for folk flest. I tillegg kan ein begynne med ermet i staden for å strikke prøvelapp.

Å strikke frå toppen og ned gjev moglegheita til å prøve genseren på undervegs i større grad. Denne teknikken gjer det også enklare å justere lengd etter ønske.

Tilpass genseren etter eige ønske! Leik deg med ulike lengder, striper, strukturar, garntypar, holmønster, fletter eller fleirfarga mønster. Her set berre fantasien grenser!


Sjå gjerne #logosgenseren på instagram for inspirasjon.

Nedst i oppskrifta kjem to diagram du kan følgje om du ønsker fleirfarga mønster.

 

Storleikar
Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar, og ikkje kjedebutikkane sine standardar. Difor er det ekstra viktig å samanlikne måla dine med oppgitte mål.
Genseren er rekna å vere 5-10 cm større enn overviddemålet ditt.
XS (S) M (M/L) L (XL) XXL (XXXL)

Mål
Overvidde: 80 (90) 100 (105) 110 (120) 130 (140) cm
Heil lengd: 56 (58) 60 (60) 62 (64) 65 (67) cm eller ønska lengd
Ermelengd: 47 cm eller ønska lengd

Strikkefastleik
20 m glattstrikk = 10 cm på p 4 mm eller det du treng.
3,5 mm eller eit halvt nummer mindre til vrangbordane.

Garn
Rauma 3 tråds strikkegarn (50 g = 108 m. 100 % rein ny ull frå NKS): 450 (450) 500 (500) 550 (550) 600 (650) g
Brukar du eit anna garn enn oppgitt, få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk.
Vil du ha lenger genser brukar du meir garn, og vil du ha kortare genser brukar du mindre.

    kr 50,00Pris