Pilbladtoppen

Pilbladtoppen

Pilbladtoppen er, som namnet seier, inspirert av planta pilblad. Store Norske Leksikon (2009, https://snl.no/pilblad) skildrar planta som ein blome med tre kvite kronblad og pilforma blad. Planta lev i vatnet. Ho er sjeldan i Noreg.

Plagget kan brukast som topp med utringa rygg eller som ein djupt utringa vest. Toppen er strikka ved at ein legg opp masker til hals og stroppar, før ein aukar masker nedover berestykket og til slutt strikkar saman toppen ved å plukke opp masker langs sida av stroppane. Toppen har ingen vrangmasker.

 

Strikkefastleik: 20 m x 40 riller rillestrikk = 10 cm x 10 cm


Pinnenummer: 4 mm


Storleikar: XS (S) S/M (M) L (XL) XXL (XXXL)


Mål:
TIPS: Vel ein storleik som er om lag 10 cm mindre i overviddemål enn du sjølv er, då denne sit finast på kroppen om han er tettsitjande.
Overvidde: 72 (78) 84 (92) 100 (110) 120 (130) cm
Midje: 51 (57) 62 (66) 75 (85) 95 (105) cm
Lengd frå ermhole til midje: 20 (21) 22 (23) 24 (25) 26 (27) cm


Garn: Rauma 3 tråds strikkegarn (50 g = 108 m. 100 % rein ny ull frå NKS). Farge 123:
150 (200) 200 (250) 250 (300) 350 (400) g
Brukar du eit anna garn enn oppgitt pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Forslag til andre garn er Sandnes Line eller Rauma Petunia.

    kr 50,00Pris