Yogabuksa

Yogabuksa

Ifølge Det Norske Akademis Ordbok (https://www.naob.no/ordbok/yoga) kjem ordet «yoga» frå «yoj», sanskrit for «forbinding» eller «samanføying». Ordet er nært beslekta med ordet «ok» eller «yoke» som kan bety rundfelling eller vidare «åk». Jostein Gaarder (Dukkeføreren, 2016) påstår at «plog» og «pløgsle» også kjem av same stammeord.

Yogabuksa er strikka frå botnen og opp. Du vel sjølv om ho skal vere lang eller kort. Mansjettane er stramme, og livet elastisk med strikk. Strukturmønsteret visar ein lotusblome – eit sentralt symbol i yoga.

Lotusblomen symboliserer det å vere jorda til bakken samtidig som ein strekk seg mot noko større, og at noko flott kan vakse ut av dei mest utenkjelege forhold. I tillegg er han assosiert med kunnskap, velstand, fertilitet og guddommelegheit. Lotus er også ein eigen yogaposisjon som du vil finne i yogaøkta inkludert i oppskrifta.
Sekvensen finn du på
https://www.anneleis.no/video

 

 

Storleikar
Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Difor er det ekstra viktig at du samanliknar dine kroppsmål med måla oppgitt i oppskrifta. Ta utgangspunkt i hoftemålet. Buksa har strikk i livet, og vil difor sitje oppe sjølv om buksa er vidare enn midja di.
XS (S) M (L) XL (XXL) XXXL

 

Mål
Hoftevidde: 90 (95) 103 (113) 123 (133) 140 cm
Livvidde (svært elastisk): 72 (77) 83 (91) 98 (106) 112 cm
Beinlengd kort variant:
40 (40) 41 (41) 41 (42) 42 cm.
Beinlengd lang variant: 78 (78) 79 (80) 80 (80) 80 cm.

 

Garn
Hillesvåg Ask (100 g = 315 m. 100 % rein ny ull frå NKS)
Fargen «yoga» frå Værbitt: 100 g alle storleikar

Hillesvåg Embla (100 g = 210 m. 100 % rein ny ull frå NKS)
Jaktgrøn: 350 (400) 400 (450) 450 (500) 550 g

 

Brukar du eit anna garn enn oppgitt, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Brukar du Ask på heile buksa vil ho bli lettare og meir laus og ledig.

 

Strikkefastleik 
20 m glattstrikk = 10 cm på 4 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik.
25 m mønster = 10 cm på p 3 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik.
27 m mønster = 10 cm på p 2,5 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik.

    kr 50,00Pris